Frå høgre; Jostein Mehl, Tommy Bjørkelund og John Henry Færevåg Foto; Oddvin Flornes

Tommy Bjørkelund Tysnesmeister i bowling

Publisert av: Vegard Aslaksen
26/4/2018 18:30
Tekst; Helge Hauge

21 deltakarar stilte då Tysnesmeisterskapen i bowling vart arrangert 25. april i Tysneshallen. Først speler alle ein runde, og dei 12 beste går vidare til mellomrunden der det vert spelt to rundar. Dei tre med høgast pinnefall går så til finalerunden der det vert spelt tre rundar, ein runde på kvar bane.

I mellomrunden fekk Tommy Bjørkelund og Jostein Mehl 377 pinnefall og John Henry Færevåg 326.
I finalen fekk John Henry ein dårleg start, og dei to andre drog ifrå. Etter to seriar leia Jostein med fem pinnefall, men til slutt sigra Tommy med fem pinnefall meir enn Jostein. Alle dei tre i finalen fekk over 500 pinnefall, 529, 524 og 510.

Me gratulerer Tommy som Tysnesmeister.