Julegåver og utstyr til Ukraina

Publisert av: Martha Nygård Lande
17/10/2019 15:00

Merete Kristiansen har vore til Ukraina fleire gonger, med klær og andre ting som det er stor trong for. No samlar ho inn igjen, og har allereie fått inn ein del, men det er fortsatt behov for meir. 4. november går trailarar frå Haugesund med utstyr til Ukraina.

Det er stiftelsen KPK-UKRAINA som organiserer forsendelsane. KPK er ein offentleg godkjent humanitær stiftelse med formål å hjelpe born, fattige familier og eldre i Vest-Ukraina.

Til denne forsendinga, er det mange som kjem med julegåver, og då er nesten alt ønskeleg. Mat og snop er ikkje lov, men ellers er klær, leiker, toalettartikler, handduker, huer, votter og skjerf eksempler på kjærkomne gåver.

Gåver og utstyr er ynskjeleg til alle, det vil  sei alt frå babyar til dei gamle. Pakkane skal merkast med alder og kjønn.

Merete Kristiansen tar i mot fram til neste veke, torsdag 24.oktober.

På Tysnes er det ca 30 som er fadder. Dei gjev ein månadleg sum, og i tillegg får dei sende 1 eske med kvar trailer. Ein kan vera fadder både for born og eldre.