Camp Tysnesfest 2016 Foto: Cathrine H. Støle
Camp Tysnesfest 2016 Foto: Cathrine H. Støle

Forbudt med medbrakt alkohol på festivalcamping

Publisert av: Johnny Helgesen
24/11/2017 08:59

PUBLISERT AV OLE JOHANNES STØLE
Publisert: 19.11.17 20:11
Politidirektoratet har nyleg sendt brev til samtlege politidistrikt der dei har presisert korleis alkohollova skal tolkast. Alle musikkfestivalar med campar for overnatting vert no pålagt eit totalforbod mot medbrakt alkohol.

-I den grad musikkfestivaler driver med avgrensede campingområder hvor gjestene nyter medbrakt, så må praksisen deres dermed endres nå. Seier Kristin Kvigne, direktør for politifagavdelinga i direktoratet til Aftenposten laurdag 18.november.

Tysnesfest
Då Tysnesingen.no kontaktar dagleg leiar i Tysnesfest Øystein Vaage seier han at dette vart kjent for dei først no i helga gjennom Aftenposten, og at det difor er for tidleg å komma med noko klar uttale eller konklusjon om korleis dette vil påverke Tysnesfest då dei ikkje har fått satt seg inn i saka enno. – men om dette vert ein realitet kan det potensielt få store konsekvensar for oss, og utspelet frå POD (Politidirektoratet) verkar ikkje særleg godt gjennomtenkt avsluttar Vaage.

Les meir om totalforbodet i Aftenposten.no