Dugnad på, og rundt, kunstgrasbanen på Reiso

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/11/2021 09:03

Lørdag var det dugnad på Reiso, der både små og store var med.

Dugnaden var arrangert av Torstein F. Lunde og styret i Njardar. Det var ikkje det største oppmøtet, men ein fekk gjort det som skulle gjerast. Det vart rydda kvist og boss rundt banen, og Onarheim Skog leigde ut fliskuttar til oss.

Det vart rydda opp i ballrom og utstyrsrom. Ein fekk også kosta og samla opp granulat som var rent av banen.