Sjøsportveko 2020

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/6/2020 09:24

I går, fredag, var siste dag på Sjøsportveko 2020 som blir arrangert av Båtlaget Njord Tysnes.

Veret har vore heilt upåklagelig desse fem dagane og både ungar og vaksne har kost seg gløgg.
_
_
Som vanleg har sjøsportveko eit variert program med både sigling, padling, bading og vannsport. Samstundes er sjøvett og tryggleik i og på sjø ein raud tråd gjennom heile veka. I år var det litt spesielt å arrangert då ein vart nøydd til å ta hensyn til smittevernanbefalingane fra fhi og idrettsforbundet.
Dette gjorde at ein arrangerte med eit redusert antal deltakarar og innførte ekstra hygienetiltak. Trass desse begresningane vart veka kjempekjekk og dei heile vart avslutta med den tradisjonsrike Sjøsportstafetten med påfølgjande premieutdeling på fredag.
_
_
_
Deretter var det duka for servering av “Sjøsportsuppo” – ei knallgod og sunn suppe med laks i – noko som fall i god smak hos dei 20 ungane som deltok på sjøsportveko i år.

_

Båtlaget takkar for denne gong og vonar at me neste år kan arrangera sjøsportveko med fullt kapasitet og minst like bra ver som i år.
Vegard Aslaksen