Arkivfoto frå tidlegare sømdugnad.

Dugnad for nyfødde

Publisert av: May Britt Meland
18/8/2022 11:28

Celine Lunde Rød ved Søm og strikk til NFI- Tysnes inviterer til sytreff på husflidstova i Våge.

-Kom og bli med oss å ha da veldig kjekt, oppmodar Celine.

Me har motteke ein del stoff i donasjon og håpar på å få lagd litt til intensiven, ettersom dei er tom.
Det vert mange ulike stasjonar- så me treng også folk som ikkje syr, til knapping, kutting, merking osv…

Sytreffet er på husflidstova i Våge 23/8 kl 10-15!

NFI – Nyfødt intensiv er ei spesialavdeling for born som er fødde for tidleg og born som av ulike årsaker treng overvåkning eller behandling rett etter fødselen.