Fleire artistar til Osfest

Publisert av: Vegard Aslaksen
28/2/2019 10:00

Heine Totland´s Rock & Roll Circus gjentar suksessen fra Osfest 2016, og kjem igjen for å setja stemninga i taket. Til Osfest kjem også This Was My Life – et Kim Larsen & Gasolin tribute band – skriv Osfest i ei pressemelding i dag.

Alle artistane er no sluppe. Osfest er veldig nøgd med programmet og dei dyktige artistane dei har klart å hanka inn til årets festival.
Set av 9.-10. august medan du enno kan få tak i billettar til redusert pris!

Heine Totland´s Rock & Roll Circus

Heine Totland er ein av Norges største sangarar og entertainarar, og har hatt fleire TV-opptredener, både med symfoniorkester og med eige band. I 2018 var han ein av deltakarne i Stjernekamp på NRK.

Etter suksessen med musikalen «Buddy Holly The Musical» på Folketeateret i Oslo 2010, har Heine og Buddybandet hatt hundrevis av konsertar med «Buddy Holly The Concert». No er dei klare for å ta dette til nye høgder med fleire låtar fra rockens barndom og tidlige ungdom.

Med spelarglede og smittande energi, serverer dei, dei beste «Rock & Roll»-låtene fra 50- og 60-tallet. Det er umulig å ikkje la seg riva med når dette rocketoget set avgårde!

Heine Totland´s Rock & Roll Circus spelar laurdag 10. august.

This Was My Life

This Was My Life er eit Kim Larsen & Gasolin tribute band med base i Bergen.

Bandet tar deg med på ei musikalsk reise gjennom historia til Kim Larsen og Gasolin.
I akustisk setting leverer dei det beste av hits som “Papirsklip”, “Midt om natten”, “This is my life” og “Hva gør vi nu, lille du”.

This Was My Life har i løpet av kort tid bygd seg opp et rykte som eit av Noregs beste Kim Larsen & Gasolin tribute band. Med danske Claus som vokalist og frontfigur og dyktige og rutinerte bandmedlemmar, godt kjent fra Bergens musikkmiljø, er kvelden duka for suksess.

This Was My Life spelar konsert laurdag 10. august. Før sjølve konserten blir det en intimkonsert i VIP-området med to av bandmedlemmene, Claus og Marius.

Artistar som er klar for Osfest 2019

Fredag:

Vivillain
Sipher
Sondre Justad
Smash Into Pieces
Stage Dolls

Laurdag:

Intimkonsert i VIP-området med Claus og Marius.

This Was My Life
Heine Totland´s Rock & Roll Circus
Admiral P.
Violet Road
The Untouchabl(u)es