Rein Hardangerfjord

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/9/2022 09:44

Denne veka har det vore prosjekt Rein Hardangerfjord.

Rein Hardangerfjord er ein del av Strandryddeuka og Frivillighetens år.

Også på Tysnes har mange frivillige vore med og bidratt, og plukka boss, blant anna i Vedavikjo på Ånuglo, i Flakkavågen og i Espevik.

Torsdag 15. september var heile Onarheim skule og barnehage med på strandrydding i Flakkavågen og Espevik kai. I tillegg var gjengen i Torsdagsturen, og andre frivillige med. Til saman var det ca 70 stykker med den dagen.

Det vart fjerna mykje søppel frå naturen, nesten 40 sekker til saman! Etter ryddinga var det bålpannelunch.

Foto: Rebekka Høgestøl