Åse Bakke - vinnaren av årets julequiz

Vinnaren av julequizen

Publisert av: Vegard Aslaksen
28/12/2018 14:42

Av dei som sendte inn svar på julequizen var det tre som hadde alt rett og som vart med  i trekninga om premien. Åse Bakke stakk av med sigeren og vart overrekt ei flott julekorg med mykje godt i på feriestaden hennar på Hagen i Lunde. Tysnesingen gratulerer:)

Åse bur i Bergen men feirar Jul og Nyttår her på Tysnes. “Eg likar med veldig godt her, spesielt om sumaren,” seier ho til Tysnesingen. Var quizen vanskelig spurte me? “Nei, men eg måtte leita litt for å finna svara.”

Takk til alle som sendte inn svar på quizen. Til dei som ikkje vann – bedre lukke neste gong. Her kjem fasiten;

1. I mars i år vart den nye sida til Tysnesingen lansert med ny profil. Kven har laga logoen
til Tysnesingen?  Svar: Marita Bakke

2. I mai skreiv me ein artikkel om eit klenodium av ein motorsykkel. Merket på denne var
Zundapp. Men kva årsmodell var motorsykkelen? Svar: 1942

3. Kven var vinnaren av Tysnesingens påskequiz 2018? Svar: Magnhild Kleppe

4. Kor mange rundballar hadde Anders Dalland angivelig vorten fråstolen under
Tysnesingens aprilspøk i år? Svar: 7 rundballar

5. Kva heiter vinnerane av ta sjansen under Tysnesfest i år? Svar: «Lunde Båtbyggjeri» med Yngve Vevatne og Vidar Storesætre

6. Kven var toppscorar på a-laget i år? Svar: Didrik Milde Thorbjørnsen

7. Ein gjeng tysnesingar gjennomførte eit prosjekt i vår som gjekk på å ta seg til russland
og kjøpa tre ladabilar for så å ta dei med seg heim til tysnes. Prosjektet heitte
«Ladatour». Kva heiter byen som dei fekk fatt i desse tre ladabilane? Svar: Tallinn 

8. 12 April vart ei plattform slepa gjennom langenuen. Kva heiter denne plattforma?   Svar: Åsta Hansteen

9. Kven spelte på lanseringsfesten til Podtown under tysnesfest? Svar: Oslo ess

10. Kva heiter tregjenstanden som er avbilda øverst i saka?  Svar: Snorgaffel

11. Kva heiter singelen som «Symra» slapp 29 september i år? Svar: Purple sweater

12. Kor mykje løfta Anna Dorthea Espevik under Under EM Benkpress Utstyr i Hamm,
Luxembourg? Svar: 172,5 kilo