Fire artistar klare for Tysnesfest 2026

Publisert av: May Britt Meland
2/12/2025 21:02

Me er i gang – her er dei første artistane til Tysnesfest 2026!

Det er alltid spesielt å starte sleppa for eit nytt festivalår, og i år er ikkje eit unntak! Endeleg kan me fortelja om litt av det me kan by på neste år.

Første sleppet for 2026 består av fire namn me meiner set ein perfekt start: Smokie, May, RABO og Bare Andy. Fire heilt ulike uttrykk – fire artistar som kvar på sin måte representerer det me ønskjer at Tysnesfest skal vere: inkluderande, breitt, folkeleg, overraskande og fullt av opplevingar som sit igjen lenge etter festivalen er over.

Det betyr mykje for oss å starte året med eit slepp som har både ikoniske hitmakarar, nye superstjernetalent og artistar som berre ropar etter å få spele for eit stort og entusiastisk publikum her ute. Og ja – dette er berre starten, me har fleire namn på veg ut!

Sitat Festivalsjef Øystein Vaage:
«Det er alltid ein lettelse når me kan dele dei første namna, og i år har me hatt ekstra trua. Dette sleppet speglar mykje av det me ønskjer å bygge i 2026 – sterke opplevingar, gode historier og artistar som publikum verkeleg vil møta.»

«For meg er dette eit slepp som viser kva Tysnesfest handlar om: kjensler, energi, fellesskap og musikk du hugsar. Eg kjenner meg skikkeleg nøgd – og me har berre så vidt begynt.»

 

 

Smokie – The Legacy Tour
Smokie står midt i ein ny vår og spelar for fulle hus over heile Europa. Med klassikarar som «Living Next Door to Alice» og «If You Think You Know How to Love Me» er dei eit av dei mest ikoniske banda som har besøkt Noreg dei siste 50 åra – faktisk det bandet som har lege lengst på VG-lista, berre slått av Beatles. Dagens besetning, leia av vokalist Pete Lincoln, leverer eit band mange meiner aldri har vore betre. Noreg betyr mykje for Smokie, og Tysnesfest blir nok eit høgdepunkt i rekka.

 

RABO
RABO (Live Rabo Lund-Roland) er popkometen som raskt har blitt ein av dei mest spennande nye artistane i landet. Ho vart signert som den første låtskrivaren utanfor Nord-Amerika til Disney Music Publishing, har skrive for K-pop-stjernene Aespa og jobba i USA med nokre av verdas største produsentar. Debutsingelen «Talk To Me» gjekk rett inn på 2. plass på norske radiolister, og ho har allereie spelt på Trondheim Calling, Omeara i London og The Great Escape. Med store trommer, drivande gitarar og ein stemme som treff, blir dette ein av dei mest moderne, energiske konsertane på Tysnesfest.

 

May
May (Margrethe Frich) er ein av dei mest omtalte nye popstjernene i landet. Ho har vore «Månedens Urørt», hatt fleire A-listingar, gått viralt på TikTok og toppa Spotify-listene med superhiten «Galopp», som gjekk heilt opp til 6. plass på topp 50 i Noreg. Ho har skrive låtar for store norske artistar som Chris Holsten, Emma Steinbakken og Alessandra, og imponert verdsstjerner som Sabrina Carpenter og Tate McRae i kommentarfelta på TikTok. Musikken hennar er full av leikne melodiar og sommarleg pop – perfekt for ein varm festivalkveld.

Bare Andy
Bare Andy leverer norsk country/folk/pop med humor, varme og allsangfaktor. TikTok-fenomenet «En barsang (A Bar Song)» fekk over 100 000 avspelingar første veka, medan «Flue på veggen» låg 21 veker på NRK P1. Han har spelt på store scener, blant anna hovudscena på Countryfestivalen i Seljord. Andy gleder seg stort til Tysnesfest og skriv:
«Eg er megagira på å spela på Tysnesfest! Eg har slekt frå Uren Luren og har feriert i Teigen/Årbakka kvar sommar sidan eg blei fødd – heilt magisk og skikkeleg full circle moment!»