Illustrasjonsbilde

AUKA BRANNFARE

Publisert av: Johnny Helgesen
1/6/2018 18:08

Med bakgrunn tørt vær over tid , høge temperaturar og vind har brannsjefen vedteke å stramme inn totalforbodet slik:
– Totalforbodet mot open eld utandørs omfattar også all bruk av eingongsgrillar, kulegrillar og kull.
– Bål
– Brenning av hageavfall.
Totalforbodet mot open eld omfattar ikkje grilling i egen hage/veranda med gassgrill.
Me vil i det høve presisere den enkelte sitt ansvar!
Jf § 5 i brann og eksplosjonslova og §3 i forskrift om brannforebygging er det den enkelte sitt ansvar å gjera ei vurdering av brannfaren.
Folk har vore flinke og respektert forbodet fram til no. Situasjonen no er ekstraordinær og ein liten feilvurdering kan få store konsekvensar for den som har gjort ei feilvurderinga og ikkje minst for samfunnet generelt.
Rådet frå oss er :lag maten innandørs og nyt den utandørs.
Brannsjefen
Tysnes Kommune