Klart for oppstart i klatreveggen!

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/3/2019 16:40

Onsdag 20.3 kl 1730 startar Tysnes IL opp med klatring for alle som vil, store og små.

Klatreveggen er sertifisert på ny og det er kjøpt inn ein del nytt utstyr.

Kenneth Onarheim og Marita Dalseid gler seg til oppstart. Me må prøva oss litt fram i starten og sjå an interessen. Det er foreløpig berre kapasitet til at dei sikrar to personar om gongen.

Dersom andre vaksne har brattkort eller kurs i sikring, er dei sjølvsagt hjarteleg velkomne!

Det er ingen nedre aldersgrense, men dei minste må ha foresatte med seg.

Håpet er at det skal bli ei aktiv klatregruppe for alle aldrar og for både nye og meir erfarne klatrarar!

Følg med på Tysnes IL si Facebook side og snart ny heimeside.

Sjåast i veggen.

 

Atle Birkeland
Styret i Tysnes Idrettslag