Publisert av:
7/7/2013 21:39
Ferje på grunn
– Ferja har fått store skader på det eine propellanlegget og på skroget. Men ho lek ikkje vatn. Uansett kan det ta veker å få reparert ferja, seier regionssjef for bilferjer i Norled, Inge Andre Utåker, til Sunnhordland.no
Det er som kjent snart Tysnesfest, og ferja som har blitt henta inn er M/F Fitjar, ei ferje som tar ca halvparten så mange bilar som M/F Folgefonn. Utåker seier vidare til sunnhordland at dei ikkje har drøfta korleis ein skal løysa trafikkauken inn mot festivalhelga.
Grunnen til ulykka skal vera ein teknisk svikt