Stordkarane på Tysnes omsorgssenter

Publisert av: May Britt Meland
29/3/2019 13:39

Det var “stinn brakke” og god stemning då Stordkarane vitja Tysnes omsorgssenter sist onsdag.

Med gitar, trekkspel og to dyktige songarar tok dei oss gjennom mange slagarar frå 50- til 70-talet. Nokon hadde levert inn speleliste slik at eigne favorittar vart sunge.

Bebuarane trampa takta til kjende tonar, og var med på allsongane. Pårørande, frivilige og bebuarar hadde ein flott songtime.

 

Tekst og foto: Tysnes Frivilligsentral, Per Verner Aase