Fem om juleførebuingar – del fem

Publisert av: Vegard Aslaksen
22/12/2018 16:32

I den siste delen av “fem om juleførebuingar” har me intervjua Monica Hoff Utne. Monica jobbar som miljøarbeider i Tysnes Kommune og er nok for mange kjent som ein pådrivar og eldsjel for det friviljuge arbeidet under Tysnesfest.

Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Viktigste juletradisjonen for meg er å bruke tid med familie og venner. Det å lage pålegg til jul får meg i stemning. Til dømes har eg og svigermor laga både rull og sylte i lag og eggelikøren står for tur. Heile familien er med å lage salater og anna til jul. Å gå i kyrkja er og viktig for meg. Det blir ein så god ro over det, og ein får tenkje litt og ta innover seg jula og det som skjedde den gong da.

Korleis ser menyen for julafta ut heime hos deg?

Menyen hos oss på juleaften er pinnekjøtt med rødbeter, kålrabistappe og mandelpoteter. Til dessert har vi riskrem med bringebærsaus og multer til. Ein soleklar vinner. Heime i nordnorge vart det svineribbe med sviske og fruktsalat, fløtesaus og mandelpotet som vart julemiddag.

Kva vil du best minnast frå året som har gått?

Det eg vil best minnast frå 2018 er den flotte innsatsen friviljuge la ned under årets festival, utan tvil. Det gode samhaldet når ein jobber ilag og all den gode støtta vi har fått og gjer kvarandre er uvurderlig. Eg vil og minnes flotte kvelder over bålet, med gode venner, og fine turar i fjellet.

Kva ynskjer har du for året som kjem?

For året som kjem ynskjer eg at vi skal være romslige og rause med kvarandre og gjere kvarandre gode. Litt ekstra merksemd til ein eg ikkje har via merksemd til før, kanskje?