Fekk fart i publikum

Publisert av: May Britt Meland
14/7/2019 19:06

Konsertkveldane på Gjerstad arena vart avslutta med skikkelig trøkk! Kriminell Kunst og Kjartan Lauritzen fekk publikum med seg frå fyste sekund. Eit engasjert publikum song og dansa sjølv om det vart trongt om plassen framfor scena.

Ei var også så heldig å få ei heilt spesiell bursdagshelsing, sjå video lenger nede i saka!

 

God stemning rundt langbordene!

 

En blid gjeng i “No worries” klare til å servere festivaldeltakarar.

 

Desse to blide søstrene var klare for ein hektisk kveld i mat-teltet.

 

Kriminell Kunst lagde liv og fekk god kontakt med publikum.

Anders Jensen i Kriminell Kunst synast det var svært kjekt på Tysnes. Etter konserten tok han seg tid til å slå av ein prat. Han vart så imponert over vaktene som kom for å rydde med ein gong konserten var slutt at han måtte ta bilde av med dei!

Ei jente blant publikum kom med ein forespørsel, og svaret vart spontant “JA, klart eg kan synge bursdags-song til Tuva!”.

Tysnesfest er topp!

Feststemt par med matchande Tysnesfest-solbriller.

 

Rap kometen frå Balestrand, Kjartan Lauritzen, sette standarden frå fyrste song. Fult trøkk!!!

Det vart stor trengsel framme med scena, og fleire måtte bergast ut av vaktene.