Kvileplassen på toppen av Buskaret er ferdig, og her er resultatet.

Info om stengd turveg til Såto fyrstkomande tirsdag

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/7/2023 13:14

I det siste har det ikkje vore arbeid på trappene opp til Såto, men no kjem dei tilbake til Tysnes, litt tidlegare enn først førespegla.

Den bratte Gråuro står for tur, og tysdag 1. august skal det fykast inn ny stein. Det blir difor stengt for turgåarar i Myrdal/Buskaret/Gråuro i tidsrommet 08.00-19.00.