Påske i Hålandsneset

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/4/2022 19:58

I 2022 er Hålandsneset tilbake i god gjenge. Masse akitvitetar for store og små.

Det starta med basar i bedhuset onsdagen. Stapp fullt med folk som hadde lete seg lokka av vinnarsjansar og noko å bita i. Omtrent 30 000 kr kom inn, som stort sett går til drift av huset.


Torsdag klokka elleve gjekk starten for Liafjellet opp. Vi talde til 32 menneske og to hundar. Etterpå var det årsmøte i Grendalaget.
Laurdag var det seniorane og nokon få unge som kunne slå seg laus med påsketreff i Grendahuset. Ein triveleg kveld med ost frå Myrdal, quiz og loddtrekning med gevinstar frå ein snill onkel.

Dei som vakna tidleg nok, rakk turen til Landrøyfyret klokka elleve. Mange ville sjå den nye “oljebua” som er komen opp. Navnet kjem av eit skur frå tidlegare som vart nytta til oppbevaring av drivstoff til fyret. Ein fin runde i vekslande terreng som tok omtrent to timar.