Fantastisk fin fellestur

Publisert av: May Britt Meland
4/6/2024 19:04

Karl Lunde var lokalkjent guide på Tysnes Turlag sin fellestur søndag 2. juni, og saman med turleiar Rebekka Høgestøl gjekk turen frå Tverrelvo til Ådnastegen.

Har vart turfølget ynskt velkomne av Elin Vevatne og dei andre frivillige i skihytta Ådnastegen!
Det vart servert nydelege skillingsbollar og kaffi, og Karl fortalte historen om sela langt tilbake i tid. Det var òg høve til å koma inn i det eldste selet frå 1843.

Så gjekk gjengen på 17 Stk vidare opp på Veghamrane (618 moh). Monica Hoff Utne song ei nydeleg vise, “Stjernedryss” som vart til på ein av Monica sine fjellturar.

Nydelig med Heiloen og gjøken sine kall! Turgåarane fekk nyte utsikta ilag med stolt myrull som vaia litt i den vesle sommarbrisen.

Vidare gjekk turen bortetter kammen frå Veghamrane mot Buskaret og Myrdal. Her gjekk 6 av dei sprekaste opp til Såto medan andre gjekk i skjerpatrappene ned til Myrdal. Her kunne dei som ville eta ein deilig pizza frå Myrdal Gård.
Så var det skyss tilbake til bilane der turen starta av brødrene Karl og Lorentz Lunde!

Turlaget takkar for kjempekjekt opplegg Karl!
-Og takk til alle som var med på tur!

 

Foto: Tysnes Turlag