Bidetekst eks.

Uttale frå ordførarane i Sunnhordland

Publisert av:
25/4/2017 08:48

Sjølvtekt av fungerande fylkesordførar

 

Pål Kårbø har ikkje heimel i eige fylkesting når han forsøker å nedprioritera eit av landets viktigaste vegprosjekt, E39 Hordfast. Det er svært uheldig at han bryt mangeårig semje om Hordfast og det er eit svik mot det viktige partnarskapet med LO og NHO. E39 er eit av landets viktigaste vegprosjekt. Hordfast skal binde saman Vestlandets to største byar, med ferjefritt vegsamband. Dette vil nasjonalt ha svært store og positive ringverknadar. E39 Hordfast er regionalt og nasjonalt viktig prosjekt. Vikarierande fylkesordførar Pål Kårbø gjer eit av landets viktigaste samferdsleprosjekt til eit lokalprosjekt. Uttalane til Pål Kårbø er sjølvtekt og ikkje heimla i politiske vedtak, det skapast samstundes utryggleik rundt eit av landets viktigaste samferdsleprosjekt. Det er svært uheldig og stikk i strid med det Hordaland Fylkeskommune sjølv har gjort vedtak om. Uttalane til vikarierande fylkesordførar er i strid med vedtak som er gjort i kommunane, og ønskje til næringsliv og innbygjarar.

Ordførarane i Sunnhordland minnar vidare at dette er eit statleg vegprosjekt og ikkje fylkeskommunalt. Fungerande fylkesordførar tar difor på seg ei rolle som han ikkje skal eller bør ha.   Ordførarane i Sunnhordland ber Hordaland fylkeskommune snarast følgje eigne vedtak, og sørge for at det viktige samarbeidet med LO og NHO vert oppteke.