Pressemelding – Tysnes Sparebank resultat for 3. kvartal 2020

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/11/2020 11:15

Tysnes Sparebank har i dag offentlegjort sitt resultat for 3. kvartal 2020. Hovudtrekk i pressemeldinga er:

  • God bankdrift – 3,1 mill.kr. i betre driftsresultat enn same tid i 2019
  • Det er avsett 7,3 mill.kr. til tap – av dette er ein stor del avsetjingar i samband med pandemien
  • Det er god vekst i banken – stor pågang av nye kundar
  • Pandemien skapar stor usikkerhet i tida som kjem – effektane for næringslivet ser vi kanskje ikkje før fram mot sommaren 2021

Banken går godt – 3,1 mill. kr. betring i drift av banken

Tysnes Sparebank oppnådde eit resultat før tap og skatt på 22,2 mill. kroner etter 3. kvartal 2020. Det er 3,1 mill. kr. betre i høve til same tid i 2019.

Det er sett av til tap 7,3 mill.kr. Størsteparten av dette er avsetjingar for å ta høgde for mogelege framtidige tap som fylgje av den uroa som er i økonomien i den tida vi er inne i.

Banken har gått over til ny rekneskapstandard frå inneverande år, noko som mellom anna medfører at avsetningar til mogelege framtidige tap vert auka.

Krevjande utsikter framover

Banken sin forventning framover er at det er stor usikkerhet knytt til effekten av Covid-19 situasjonen. 

«Det er krevjande tider for oss alle i desse tider, banken går framleis godt, men det er truleg først våren 2021 vi virkelig vil sjå effekten av pandemien vi no står midt opp i. Det er viktig at alle tek del i den felles dugnaden vi alle gjer for unngå ytterlegare nedstenging av samfunnet» seier banksjef Dag Sandstå.

Banken har gjort mange tiltak for å ivareta eit godt smittevern. Dei tilsette får ikkje reisa mellom kontora til banken, kundemøter skal fortrinnsvis skje på telefon og det er avgrensa opningstid for kassefunksjonen i Våge på Tysnes.

Stor pågang av nye kundar

Banken har framleis stor pågang av kundar som ynskjer det lokale bankkonseptet som Tysnes Sparebank representerer. Vekst i utlån dei siste 12 månadene har vore om lag 5 %.

Det er mange kundar som direkte eller indirekte er råka av Covid-19 situasjonen. Banken strekkjer seg langt for å finne løysingar tilpasse den enkelte sin situasjon.

«Det er i vanskelege tider som no, det er viktig å ha kjennskap til lokalsamfunn og dei som bur der, når løysingar skal diskuterast med kundane» uttaler banksjefen.

Her kan du lese 3. kvartalsrapport 2020.