Illustrasjonsfoto

Elevane gler seg til femdagarsskule

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/6/2020 14:57

NRK melder på sine nettsider at stadig fleire kommunar innfører femdagarsskule.

I kvar fjerde kommune i landet går elevane på skule fire dagar i veka. Med fire dagar får dei yngste elevane veldig lange skuledagar, og me ønskjer at dei skal få kortare dagar, seier ordførar Kåre Martin Kleppe til NRK. Difor vert det frå hausten av innført femdagarsskule også på Tysnes.

Det kan føre med seg ulemper når borna får kortare skule dag. For dei som ikkje ynskjer, eller føler dei har råd til å ha borna i SFO, så kan det vera utfordrande å kome seg heime frå jobb til klokka 12.00, når borna er ferdig på skulen.

Bente Raknes, rektor ved Uggdal skule, seier at elevane vil få ein god skulekvardag til hausten, der ein ikkje får eit avbrekk midt i veka.

Ein annan positiv ting, kan vera at fleire kvinner kan koma ut i fulltidsjobb. Oppvekstsjef Aud Kaldefoss trur fleire kvinner kjem ut i fulltidsjobb når ein får femdagars skuleveke. I heile Norge er det underkant av 40 prosent som jobbar deltid, og også på Tysnes er det overvekt av deltidsarbeid blant kvinner.

Elevane som er intervjua av NRK, seier at dei i alle fall gler seg til å gå på skule kvar dag.

Du kan lese heile saka her NRK.no/vestland