Klart for Open Hall for ungdom

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/4/2022 08:57

Velkommen til både avslapping og aktivitet!

Kommande lørdag, 23. april, er det igjen klart for open hall for 10. klasse og opp til 23 år.

Bibliotek og gamingrommet, klatring, bowling, mat og hygge i vrimlearealet står på programmet denne kvelden. Det blir og muligheit for anna sport og fysisk aktivitet i hallen, som volleyball, fotball – det er heilt opp til dykk.

Det blir og enkel servering med mat og drikke i kafeen.

Dette er eit tilbod som er i regi av psykisk helse voksne, biblioteket og ungdomsrådet. Arrangementet er gratis, og det blir som vanleg mogeleg å vera med på mykje forskjellig.

Psykisk helse har oppretta ein instagramprofil som det vil bli lagt ut informasjon angåande ulike tilbod: @Tysnespsykiskhelse2022