Gratis klatrekurs for ungdom

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/8/2023 08:20

Har du lyst å læra deg enkel klatreteknikk og få moglegheit til å ta topptaukort? Då er dette noko for deg.

Tysnes idrettslag si klatregruppe med støtte frå Gjensidigestiftelsen inviterer til gratis klatrekurs for ungdom frå 13 år.

Vår innleidde instruktør Tamara vil gje god grunnleggande innføring i sikring og klatring. Målet for kurset er å sette deltakarane i stand til å ta vare på sin egen og medklatres
sikkerheit under klatring innandørs.

I etterkant av kurset vil du ha kunnskap som er nødvendig for å ta testen for topptaukort. Dersom du ynskjer vil du få mulighet for å ta dette seinare.

Krav til kurset: Dette kurset er for nybegynnarar, og det er ingen krav til forkunnskapar eller tidlegare erfaring med klatring. Det passer også fint for deg som ikkje har klatra på ei stund og ynskje å friske opp kunnskapen din.

Du låner gratis alt utstyr du treng hos oss og me spanderer lunsj.

Alder: frå 13 år (eller som fyller 13 år dette året)

Lørdag 9. september kl 11-16
Søndag 10. september kl 10-15

Oppmøte: Tysneshallen
Begrensa plassar (10 stk)!

Påmelding: Send sms (98072869) eller e-post (susannaheggland@gmail.com) med namn og fødselsdato.
Ungdom (13-20 år) vært prioritert, men dersom det er ledige plasser så kan vaksne og delta. Deltakare under 18 år må ha samtykke frå føresette for å delta på kurset.