Eikedalen opnar for dei med sesongkort

Publisert av: May Britt Meland
7/1/2021 18:28

Eikedalen Skisenter melder at dei hadde eit fint snøfall i romjula, og har fått produsert kunstsnø heile denne veka. Kommande helg opnar dei Veraheisen og Tobiasheisen (barneområdet), men kun for dei med sesongkort.

Det nærmar seg også opning i Setertrekket og Seterløypen, men der er ein avhengig av litt natursnø i tillegg til kunstsnøen. Det er meldt snøvær laurdag, så det er mogleg at ein kan opne på søndagen.

I likhet med alle andre plassar er det restriksjoner i forhold til tillatt kapasitet i heisane. Denne helgen blir det derfor ope kun for dei som har sesongkort. (Sesongkort selges kun online).

Dei som har bestilt sesongkort med nytt keycard, hentar dette ut i automat på utsida av skiutleien. Dei som har lagt sesongkortet inn på sitt eget keycard, får dette aktivert ved fyrste tur i heisen.

-Vi gler oss til å komme i gang igjen, seier dagleg leiar Fredrik Tønjum.