Torsdagsturen til Gåsavatn på Flatråker i juni 2020.

Torsdagsturen startar opp igjen etter ferien

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/8/2021 09:57

Torsdag 19. august er det oppstart for torsdagsturen etter ferien.

Utover hausten kan ein bli med på fine turar saman med hyggelege folk frå heile øya.

Turane er for det meste lette å gå, slik at flest mogeleg kan vera med. Farten skal tilpassast slik at ein går samla.

Det er ikkje berre på solskinnsdagar det blir tur. Litt regn set ikkje nokon stoppar for ivrige turgåarar.

Den siste tida har det stort sett vore mellom 15 – 20 stykker som har vore med, men her er det rom for at fleire finn fram turskoene og blir med ut, seier Per Verner Aase, leiar i Tysnes Frivilligsentral.