Sterkt av Njardar på Reiso i går

Publisert av: Vegard Aslaksen
23/9/2018 17:13

Njardar tok i mot Tyssedal til kamp laurdag ettermiddag og me var ute etter revansje etter bortemøtet i vår der me tapte 2-1. I den kampen vart me kjempa i senk av eit fysisk tøft Tyssedal-lag som me ikkje var forberedt på.

Før denne kampen hadde me taktikken klar og gjort eit par justeringar for å demma opp spesielt for Tyssedal sine dødballstyrkar.
Me startar oppskriftsmessig med mykje bra angrepsfotball og skapar fleire sjansar i starten på omgangen.

10. Min er spelt når me startar spelet vårt heilt bak hos keeper, spelar oss ut via Ørjan og Thomas på høgresida før Didrik blir spelt gjennom til dødlinja og legg inn framfor mål der Børge set inn 1-0. Flott angrep!

2-0 målet kjem 12min seinare når Thomas slår ein lang crossar i bakrom til Børge på venstresida. Børge prøver å legga inn til Didrik framfor mål, men innlegget blir for langt og går i bue over keeper og i mål. Litt flaks er gode lag kjent for å ha!

Etter dette kjem Tyssedal meir med i kampen og sjølv om Didrik har eit tverrliggarskudd er det Tyssedal som er best i slutten på fyrste omgang.

Tidlig i den andre omgangen får bortelaget si redusering etter scoring åleina med keeper. Tyssedal gjer det svært vanskelig for oss i periodar og me får ikkje flyten i spelet som me pleier å ha.

Etter ein time spelt havnar Roy åleine i bakrom, drar seg forbi keeper og spelar til Thomas som set ballen i åpent mål til 3-1.
Ikkje veldig lenge etterpå reduserar Tyssedal på ny og det blir ein voldsomt stressande og hektisk avslutning på kampen der me er alt for paniske og dårlige med ball. Når me fyrst er i angrep merkar me at me utgjer ein trussel og er farlige nesten ved kvar anledning, så etter å ha framtvinga ein corner i 90. min får me målet som me trur avgjer kampen når Didrik headar inn 4-2.

Tyssedal gjer seg ikkje og går rett i angrep etter avspark, får frispark utanfor 16m som me sover på og ballen snik seg i mål via ein Njardar-fot.

Forferdelig nærvøse overtidsminuttar, men me halar 4-3 seieren i land, til stor lettelse!

3 kampar gjenstår av sesongen og no ventar seriefinalen mot LøvHam på laurdag 1530. Vinn me mot LøvHam treng me berre 1 poeng på dei 2 siste kampane for å avgjera opprykket og sikra fyrsteplassen. No håpar me Tysnes-folket mobiliserar alt dei har av krefter og stiller i hopetal på Reiso for å heia på oss i denne viktige kampen! Me kan rykka opp for fyrste gang sidan 1997.

Kampreferat/tekst: Thomas Hagen.

Før kampstart vart det avholdt ei fin minnemarkering for å heidra ildsjel, klubblegende og æresmedlem Nils Eivind Hansen som brått og uventa har gått bort.