Dugnad Tysnes Hestesportslag

Publisert av:
28/6/2010 18:06

Me skal gjere klart til ridekursa for barn som skal vera i midten av juli, samt ein del andre ting som: maling av terrassen, klyppa gras i inngangspartiet, saga opp/køyra vekk greiner og ”pas” ved brakka og henga opp takrenner.

Me håpar på å få gjort alt på ein kveld, men då må me vera ein ”god gjeng”!!

Dei som har, tek med kantklyppar, motorsag og brukte hestesko (skal malast og selgast på Tysnesfest) 

Still med arbeidslyst og godt humør!!

Eli tek med grill, så dersom du vil, tek du med det du sjølv vil grille.

Meir info om dugnad og ridekurs for barn finn du på heimasida vår!! (Det er nokre ledige plassar att på ridekursa for barn i juli)