Tradisjonsmat

Publisert av: Vegard Aslaksen
4/11/2019 18:53

Mattradisjonar er kulturarv. Tysnes Bygdekvinnelag ynskjer å vera med å ta vare på kunnskapen om tradisjonsmat, som er en viktig del av den norske kulturen.

I 2019 gjennomførar Norges Bygdekvinnelag prosjektet Tradisjonsmatskulen. www.norsktradisjonsmat.no er ei nettside for alle som ynskjer å lera meir om norsk tradisjonsmat. Her finn ein artiklar om norske mattradisjonar og videoar som syner tradisjonelle teknikkar. Her finn ein og oppskrifter frå kvart fylke.

Fleskasos frå Tysnes

Fleskasos har vore vanleg kvardagsmiddag på Tysnes. Det er Gerd Landeråen og Bjørg Espevik som har sendt inn denne oppskrifta. Oppskrifta kan variera noko frå familie til familie. Denne oppskrifta kjem frå Dorthea i Espevik, men litt tilpassa dagens smak. Dorthea var fødd i 1905, og var svært flink med koking og baking. I den tid slakta mange gris sjølv, og då vart det vanleg å nytta salt flesk i staden for bacon i fleskasosen. Og ein brukte gjerne surmjelk og lauk istaden for rjome og purrelauk. «Dei unge i våre familiar førar tradisjonen med fleskasos vidare, og at det er ein rett som fell i smak både hos store og små» seier dei.

Oppskrift til 4 porsjonar:

  • 600 gr bacon
  • 2 ss margarin
  • 5 ss kveitemjøl
  • 1 liter H mjølk
  • 2 dl lettrømme
  • ¼ purrelauk
  • ¼ ts pepar
  • ½ ts salt

Skjer baconet i terningar og brun det fint i margarin. Legg det over på fat, ta vare på baconfeittet. Rør saman baconfeitt og kveitemjøl i ei gryte, og spe med mjølka litt etter litt til ein passe tjukk saus. Kok opp og ha så i baconet, og la småkoke i om lag 10 minutt. Rør rjomen jamn med litt mjølk, og ha blandinga i gryta. Ha i fint snitta purrelauk, og la det koka nokre minutt til. Smak til med salt og pepar.

Server med gode kokte poteter. Ynskjer ein grønsaker, passar det godt med gulrot og kålrot.

Fredag 25.oktober var nokre av oss på vitjing på Tysnes skule for å ha skulekjøken for 6.klasse. På menyen sto sjølvsagt «Fleskasos og Russedessert».

Tusen takk til dei flinke elevane for ein vellukka skuledag. Som bileta syner, smakte det godt.

Tekst:  Kjersti Godøy
Bilder: Gerd Landeråen