Påskequiz del 1

Publisert av: Vegard Aslaksen
25/3/2018 16:57

Her kjem dei fire første spørsmåla i årets Påskequiz.

Merk at spørsmåla ikkje nødvendigvis kjem i kronologisk rekkefølge. Dette gjer at quizen også blir ei nøtt å knekka og lysingsordet ikkje blir lika lett å tippa.

Denne gongen er me ute etter svar nummer 1, 6, 11 og 16 i kryssordet.

1. Me vil fram til ein plass på Tysnes kor Tyske soldatar under andre verdskrig okkuperte og laga ein festning. Staden har god utsikt til havs, slik at det var ideelt til å ha oversikt over eventuelle militære fartøy frå den engelske marine. Dei tyske soldatane tok seg til rette i husa til lokalbefolkninga, samstundes som dei kontrollerte omtrent 150 tvangsarbeidarar som vart satt til å bygge festninga. Kva heiter denne staden?

6. Kva for ein Amerikansk president drog USA inn i Vietnamkrigen, ved tidlig på 60 talet å ha plassert over 30 tusen såkalla fredsbevarande styrkar der?

11. Hvilken russisk president besøkte Bergen i 1964? Han fikk omvisning på fisketorget og akvariet, kor han også hadde med fleire gåver.

16. Me vil fram til namnet på ei hyggelig dame, denne dama har vore flest gonger på Såtetoppen. Kva heiter ho? Både fornamn og etternamn.