Aleksander Fauske og John Roar Kongsvik Foto: Vågen AS

Vil bli prosessindustrien sitt svar på Ikea

Publisert av: May Britt Meland
1/9/2020 11:55

Koronakrisa fekk stor innverknad på drifta og ordretilgongen ved Tysnes-verksemda Vågen AS. Det vart bom stopp på telefonforespørslane. -Vi forstod at her måtte vi sette i gang tiltak, og det raskt om vi skulle ha ei framtid, seier Børge Pedersen.

Vågen valde å endra forretningsmodellen, utvikle nye produkt og flytte arbeid heim. Monteringsarbeidet vil foregå i ein monteringshall på Tysnes. Hallen skal vere klar no i haust, og etter planen skal nettbutikk vere på plass til jul. Her kan kundane teikne sine eigne produkt.

Takka vere støtte frå Innovasjon Norge, har Vågen fått muligheit til å realisere prosjektet.

Framside bildet viser Aleksander Fauske og John Roar Kongsvik som set saman den aller fyrste Mikro Kverna. Denne skal så testast på dødfisk frå oppdrettsnæringa.

Meir om denne saka kan du lese på NRK.no