Det nermer seg Tysnes Sparebank cup.

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/6/2019 20:00

5. – 7. juli foregår årets fotballcup på Reiso – for 23. gong!

Påmeldinga har vart ei stund, og det har vore god oppslutnad, kan Thomas Hagen i Njardar/Tysnes fortelja. For øyeblikket er det omtrent like mange lag påmeldt som dei siste åra. Av erfaring har det vist seg å kome ein del påmeldingar heilt på tampen, og dersom det slår til i år og, nermer me oss 30 lag, og det vil verta fleire påmeldte enn i fjor, seier Hagen.

Det er flest lag påmeldt i klassen for “Lettbeinte menn”, men det er også ein del damelag påmeldt.

Thomas Hagen vil minne om at fristen for påmelding er 14/6, så dersom du har lyst å vera med, har ein berre nokre få dagar på å bestemma seg. Hagen seier vidare at opplegget rundt cupen, vil vera likt som tidlegare år.

Du kan lesa meir om cupen og påmeldinga her.