Dagsenteret for eldre på tur til Skorpo og Drange

Publisert av: Johnny Helgesen
15/10/2018 21:56

Ein fredag i august var nokon av brukarane av dagsenteret for eldre på tur til Skorpo. Egil Meland tok vel imot dei i verkstaden sin og fortalde både om reparering av gamle oselvarar og bygging av nye.

Ein torsdag i september gjekk turen til kulturløo. Der tok Helge Drange vel imot dei og fortalde inspirerande om mykje av det han har samla der, og det var ein oppglødd gjeng som kom tilbake til omsorgsenteret.