På Laukhamar finn du denne flotte rosa sykkelen!

No gler me oss til å ta i mot gjester

Publisert av: May Britt Meland
23/6/2020 14:17

No kan me endeleg ynskje gjester velkomne igjen, seier Sissel Karin Clausen ved Laukhamar Fritid. -Etter nokre månader med laber aktivitet ser me no fram til litt meir besøk.

Fyrstkommande fredag byr me inn til Sommarfest. Det vert underhaldning med torader, og høve til allsang og kanskje ein svingom.

Vidare utover sommaren byr vertskapet inn til både søndagsmiddagar og bakedager med bakst frå vedfyrt omn.

For dei som ynskjer eit lengre opphald på Laukhamar er det gode muligheiter til overnatting både i rom og i leiligheiter. Vil ein freista fiskelukka, er det tilgjengelega båtar for utleige.

-Her er eit fantastisk turterreng rett utfor døra, og så kan ein i tillegg få gardsoppleving med både geiter, hestar og høner, seier Sissel Karin.

No kryssar dei fingrane og håpar på finvær og mange hyggelege gjestar på tunet utover sommaren.

Fantastisk utsikt frå terassen!