Litt av kvart er å finna på låven!

Klar til loppemarked og låvesalg

Publisert av: May Britt Meland
21/9/2018 20:53

Sissel Karin Clausen på Laukhamar er inne i slutspurten slik at alt skal være klart til i morgon. Då arrangerer ho låvesalg og loppemarked kl 11-17. Ein del av tinga som er for salg er allereie komen på plass. Her er det litt av kvart å velgje mellom. Litt møblar, kle, sko, bøker og sjølvsagt på eit loppemarked: ting og tang! I tillegg kan du om det fristar kjøpe deg ein påhengsmotor, motorsag, og mykje mykje meir.

Laukhamar Fritid vil selgja kaffi og kaker og hotdog.

Vertskapet vonar mange vil ta turen innom denne dagen.