Tysnes Støtteforening inviterar til dagstur

Publisert av: Dagfinn Sandvik
13/3/2019 14:21

Dagstur til Røvær!

Reiseleiar Harald Heie inviterar til dagstur i regi av Tysnes Støtteforening.

Røvær er ei lita øygruppe utanfor Haugesund med berre 110 innbyggjarar og kun ein registrert bil. Sjølv om ein er avhengig av båt for å kome seg til fastlandet og kommunen Haugesund som dei tilhøyrer, har dei fastbuande eigen skule og barnehage. Nokre av dei fastbuande lever framleis av fiske, havbruk og jordbruk, slik som dei gjorde i gamledagar. Resten av befolkninga pendlar med hurtigbåt til og frå øya. Røvær har også eige hotell som er i drift heile året, og ein resturant som er kjent for sine gode komler, Røværskomlene. Men dette er meir sumarbasert. Dei seier at å kome til Røvær, er som å ta ei reise tilbake i tid. Vikingane holdt ein gong til her. Øyas høgaste punkt, Bråvarden, er på 460 moh, og byr på ei fantastisk flott utsikt.

 

Foto: Wikipedia

 

Ein gong var dette ein travel stoppestad for folk på kysten. Då sildefisket opplevde si stortid på 1800-tallet kunne det vera så mange som 20 000 fiskarar på øya.

Reiselaget blir møtt av ein guid på kaien og skal såleis innom «Hiltahuset» og bedehuskapellet der Sildajazzen har sin årlege komle-jazzkonsert i august. Etter komle-middag mm på Røvær kulturhotel skal me også innom Røvær Havbrukssenter, eit heilt nytt opplevingssenter for havbruk og aquakultur som mellom anna Alsaker Fjordbruk står bak. Guiden har i tillegg ein interessant og sterk historie å fortelle om den vesle øygruppa.

 

Foto: Visithaugesund.no

 

 

Den hyggelege bussjåføren Svein Bjarne Aase sit bak rattet då dei reisande vert frakta til og frå hurtigbåten. Mat og drikke vert servert allereie under bussturen.

Vil du bli med på ein innholdsrik tur med mange opplevingar, meld deg på her.