Kulturen er attende på Omsorgssenteret

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/6/2020 13:51

Etter nesten 3 månedar utan musikk og visesong er det no opna for kulturaktivitetar på Tysnes Omsorgssenter igjen.

Den som fekk gleda av å vera fyrst, var ingen ringare enn Fredrik Elholm.

Han har ein eiga evne til å koma i kontakt med tilhøyrarane.
Litt Taube, litt Cliff og Prøysen. Pluss ei mengde av dei norske klassikarane. Publikum hadde ei fin musikkstund.

Neste mandag kjem Leslie og Tarjei. To moromenn frå Bergen.