Gode hjelparar

Tysnes Bygdekvinnelag arrangerte “VÅR DAG” i gamle Tinghuset

Publisert av: Martha Nygård Lande
17/10/2022 15:32

Tysnes Bygdekvinnelag markerte i går, 16.oktober, VÅR DAG i det gamle Tinghuset.

Førre veke hadde me besøk av 4. klassane ved Uggdal skule, som baka flatbrød, og laurdag var og nokre av elevane med på førebuinga med å kutta opp grønsaker til kjøtsuppa.

Dagen var open for alle, men spesielt hadde me invitert elevar, foreldre og lærarar ved Uggdal skule.

Leiar Jorunn S. Bjordal ynskte velkommen, og Bjørg Espevik sa litt om dagen i dag, som er verdens matvaredag, og om tradisjonane for kjøtsuppa på Vestlandet.

Bjørg Espevik fortel om dagen, og om retten me skal servera.

Dette blir laga på same måten som det på andre stadar kallast for kjøt og suppe.  På Vestlandet blei det frå gamalt av, og framleis nytta lam og fårekjøt til denne retten. Me gjorde det litt enklare, og serverte potet i suppa, så det vart ikkje lauksaus attåt som me plar gjera heima.

Lammekjøt og poteter var kortreist, og blei levert av Håland Gard.

Me hadde nær 50 besøkande innom, med smått og stort, på eit vellukka arrangement. Suppa og flatbrød med ramslauksmør smaka godt. Og me hadde svært god hjelp til servering, og opprydding etterpå.

Tusen takk til elevane som deltok.

Alle let vel før dei gjekk heim i ruskevêre

 

Tysnesingen har mottat ein e-post frå ein av gjestane, som uttrykker stor begeistring for arrangementet:

Dette var eit flott tiltak med Tysnes bygdekvinnelag sin open dag på Tinghuset på søndag. Alt verka så godt planlagt ned til den minste detalj. At dei har ein visjon om god matkultur, med lokale råvarer, og gjera seg bruk av ressursane i lokalsamfunnet, vart framheva både i velkomsthelsing og gjennom den nydelege betasuppa dei serverte.

Det som også gledde oss gjestene, var at dei involverte skuleelevar på fleire måtar. Desse hjelpte til og var så høflege og greie at det sette ein ekstra spiss på heile opplevinga. Takk for nydeleg betasuppe med heimelaga flatbrød, frå ein gjest som synest det var ei triveleg stund – sjølv om regnet hølja ned utafor.