Foto: Bokbåten Epos - facebookside

Bokbåten Epos blir lagt ned

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/6/2020 10:55

Noregs einaste bokbåt, Epos, har no hatt sin siste tur som flytande bibliotek.

Fylkestinget vedtok 9. juni å legge ned bokbåten Epos, kan ein lese på NRK.no/vestland. Ut frå dei krav som vert sett til båten sin tilgjengelighet i heile Vestland, og at det skal vere låge- og utsleppsfrie løysingar,  var det ikkje lenger økonomisk forsvarleg å drive denne utan at det vil gå på bekostning av løyvingar til andre bibliotekføremål, seier fylkesmann Rune Haugsdal.

Epos har i 61 år vitja små krikar og krokar i det som tidlegare var Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland.

Båten har vore populær både blant born og vaksne. Det var ikkje berre utlån av bøker som skjedde om bord på Epos, her vart og laga til ulike kulturarrangement.

Mange kjem til å sakne bokbåten. Forfattar Gunnar Staalesen seier det er ein kulturpolitisk skandale, elendig distriktspolitikk og barnepolitikk.

Du kan lesa meir om dette på NRK.no/vestland