Vinnarane (fv): Rasmus Atle Dalen, Per Asgeir Ottesen, Jens Hinderaker, Jens Flornes, Arne Strandenes og Nestor Putian. Foto: Tysnes Golfklubb

Dalen vart Norgesmeister pitch and putt

Publisert av: May Britt Meland
17/6/2019 19:47

Søndag 16. juni arrangerte Tysnes Golfklubb NM Senior pitch and putt. Klubben sin eigen Rasmus Atle Dalen vann, og vart Norgesmeister pitch & putt Senior 2019.
Tysnes Golfklubb fortel at det var eit svært jamt spel, der Rasmus Atle Dalen fullførte begge 18-holsrundane med solid spel. Nr 2 vart Per Asgeir Ottesen frå Kristtornskogen med same score som vinnaren. Rasmus Atle gjekk føre grunna lågare hcp. Nr 3 vart fjorårsmeisteren, Jens Hinderaker, også han frå Kristtornskogen GK.

Meisterskapen inngjekk også i Norwegian Master (kvalifisering til neste års VM for lag).
Her går det på brutto slag og dei 3 beste over 2 rundar vart Arne Strandenes, Geir Ove Rydningen og Oddvin Flornes.
Arne Strandenes oppnådde også ‘hole in one’ på hol 3. 

Tysnes Golfklubb ynskjer å takke alle deltakarar for ein suveren dag på banen !

Fullstendig resultatliste her: