Blomster-Finn kjem til Tysnesfest 2019!

Publisert av: Johnny Helgesen
1/4/2019 19:57

Torsdag 11. juli kjem Finn Schjøll eller Blomster-Finn som han kanskje er betre kjend som til Bermudateltet for å gje deg ei fargerik oppleving! Finn er nok vår mest kjende blomsterdekoratør og ein svært karismatisk TV-personlegheit. Han er aktuell som aldri før, og no kjem han for fyrste gong til Tysnes for å dela sin kunnskap!

Tysnes Blomster og Interiør blir med, og Finn vil visa tips og triks til korleis ein kan dekka opp flotte fest- og kvardagsbord. Han tar årstida med seg inn og viser korleis ein kan dekorera sin heim på ein enkel og smart måte. Finn Schjøll snakkar om blomar og livet, samtidig som han lagar dei mest kunstneriske oppsatser.

Bok og Fritid stiller med eit lite utval av bøkene Finn har skrive, så her får du og anledning til å kjøpe bok signert av forfattaren sjølv.

Blomstershowet til Finn blir innleia av husfar på Haaheim, Torstein Hatlevik! Berre dèt er grunn nok til å hiva seg rundt å skaffa billett!