Ein revolusjon for landbruket

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/6/2020 12:01

Dyra på Dalland, både sau og storfe er så heldige å få nytta systemet nofence!
_

Dette systemet går ut på at dyra går med ein klave rundt halsen som gjer dei lydsignal når dei nærmer seg beitegrensa. Lydsignalet blir høgare og høgare jo nærare grensa. Viss dei krysser får dei støt. Dei får opp til 3 støt utenfor grensa og viss dei ikkje går tilbake i beitet så får me beskjed i appen på mobilen om at dyr har rømt frå beite. Støta stopper då automatisk.
_

Dyra har lært systemet kjempefort og me brukte det i fjor og på ein del av dyra.
I appen på mobilen lager me beiterområdene i eit kart og denne blir opplasta til klaven på dyret. Når me flytter dyr må me slå av beitet slik at me får dei forbi den usynlige grensa.
_
Dette gjer at me kan nytta innmark og utmarksbeite til ytterste, på stader der det er dyrt og nesten umogleg å få opp vanleg notgjerde. Ein revolusjon for landbruket!

   Anders og Irene frå garden på Dalland