Bli med på vår Påskequiz

Publisert av: Vegard Aslaksen
17/4/2019 21:10

I morgon brakar det laus med årets Påskequiz her på Tysnesingen. I år er det til saman 18 spørsmål fordelt på 5 delquizar du lyt svara på. Kvar dag, fram til og med andre påskedag, publiserer me 3-4 nye spørsmål. Svara fyller du inn på rett plass i kryssordet under for å koma fram til eit løysingsord i det gule feltet.

Hovudpremier er i år eit stort påskeegg fylt med mykje påskegodt og “påskepylser” frå Garden på Dalland, ein Tysnesingen kaffikopp og sist men ikkje minst eit kjempeflott “hashtag”- handkle med Tysnesingen logoen på.

Alle som sender inn rett løysingsord innan fristen får ein Tysnesingen kaffikopp og er med i trekninga av hovudpremien.

 

Link til kryssordet i pdf format finn du her.

Frist for å senda inn rett løysingsord er 2. påskedag kl 2100

Tysdag i neste veke trekkjer me vinnaren av hovudpremien.

God påske og lukka til på påskequizen.