Desse fem har vore flittige merketakarar i mange år. Frå venstre: Tor Ottersen, Arvid Gaugstad, Anne Merete Blichfeldt Dalland, Eva Kalgraf og Asle Bernt Rekve. (Arkivfoto)

IDRETTSMERKET

Publisert av: Johnny Helgesen
24/9/2018 13:14

Også i haust blir det høve til idrettsmerkeprøvar. Tysnes idrettslag inviterer spreke menn og kvinner til idrettsbanen ved Tysnes skule følgjande dagar: Onsdag 26. september og onsdag 3. oktober. Begge dagar kl. 18.00. I tillegg vil det bli ei oppsamling seinare i haust.

I fjor var det 11 som gjennomførte krava til idrettsmerket, i 2016 var det eit godt frammøte med 15 som greidde krava.