Perfekt start på haustsesongen

Publisert av: Vegard Aslaksen
17/8/2019 19:25

Fredag spelte A-laget til Njardar bortekamp mot Eikelandsfjorden. Didrik sender a-laget heim frå Eikelandsfjorden med 3p med sine 2 scoringar.

Laget stod saman og leverte ein fantastisk laginnsats og innsatsvilje for kvarandre.

Kanskje sett bort i frå siste halvtimen, når kreftene begynte å ta slutt så hadde Njardar meget god kontroll på kampen og leda fullt fortjent 2-0 etter eit langskudd før pause og straffescoring etter.

Fjorden pressa voldsomt på mot slutten og hadde sine sjansar men 2 raude kort til heimalaget dei siste 10 minuttane gav også store kontringssjanser til Njardar og det kunne fort stått 3-1 og.

Tekst og bilete: Njardar/Tysnes IL