Åge & Sambandet 3570!

Publisert av: Johnny Helgesen
19/12/2018 18:12

Trønderrockens gudfar Åge Aleksandersen og bandet hans Sambandet kjem til Tysnesfest 2019!

«Åge & Sambandet 3570» er tittelen på 2019 turnèen, for i tillegg til at Åge er 70 år i 2019 er det og 35 år sidan hans aller største suksess, plata «Levva Livet» blei utgjeven.

Låtane frå denne plata vil utvilsomt bli sentrale i settlista, iblanda ei lang rekke av hans andre hits.

Åge Aleksandersen har gjennom 50 år hatt ei karriere med både oppturar og nedturar, men defintivt mest av det fyrste. Fyrst i bandet Prudence, og så som soloartist. Åge har meddelt at han kjem til å trappe ned på hyppigheita av konsertar, og i ein alder av snart 70 år synes me det er vel fortjent! Det er derfor ekstra kjekt å kunna få besøk av han til Tysnesfest i jubileumsåret hans.

Me vil påstå at det ligg an til at me får den sterkaste torsdagen nokosinne under Tysnesfest! Sist Åge besøkte oss gav han oss eit fantastisk show, og me er sikre på at han kjem til å gje oss ei minst like bra oppleving denne gong. Han skal spele torsdag 11. juli, same dag som blant anna DDE, så Namsos er svært godt representert på Tysnes denne dagen.

Til no er fylgjande artistar lansert til Tysnesfest 2019: Aurora, Åge & Sambandet 3570, Broiler, Ina Wroldsen, DDE, Helge Jordal, Skambankt og Kjartan Lauritzen.