Normisjon som driv sjukehus i Nepal sørger for at dei nyfødde kan reisa heim med varme tepper.

Bli med på strikkedugnad

Publisert av: May Britt Meland
21/10/2021 10:57

Strikking av tepper, huer og sokkar til Nepal

Tysnes Normisjon og Tysnes Bygdekvinnelag oppfordrar alle som likar å strikke, til å vera med å gje eit bidrag til nyfødte i Nepal.

No er hausten her, og i Nepalfjella er vinteren snart komen, og dei små, nyfødte på sjukehuset der, treng sokker, tepper og huer.

Dei fattige mødrene kjem til sjukehuset og føder der, når dei veit at dei får med heim desse flotte strikkeplagga som du kan vera med å laga.

OBS! Nepaleserane er fargeglade folk, og det er herlig med spreke farger. Men kvit er rekna som dødens og sorgens farge i Nepal, så det er derfor lurt å ikkje strikka heilt kvite ting.

 

Innsamlinga av dette vert på julebasaren til Normisjonen tirsdag 7. desember kl 16.00 i Tysnes Bedehus.

Tysnes Normisjon og Tysnes Bygdekvinnelag