Nytt uthus ved grendahuset på Skorpo

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/3/2021 12:21

Nytt uthus bygd på dugnad.

22. november i 2020 vart uthuset ved grendahuset på Skorpo totaløydelagt etter lynnedslag.

No er nytt uthus bygd heilt på dugnad, men det kostar likevel mykje pengar.

Den årlege basaren skulle gje inntekter til nytt uthus, men pga Covid 19 er denne avlyst.

Vi har no eit loddsalg med mange fine gevinstar, seier Bjørg Haukanes Meland. Trekninga vert om kvelden på påskeafta.

Dersom du vil kjøpe lodd, kan du gjere det ved å vippse til Bjørg 97 04 46 16 eller Sissel 99 33 11 68.

Kr 10,- pr lodd.

 

Bjørg Haukanes Meland