Marknadsstemning i Våge

Publisert av: May Britt Meland
19/11/2023 09:08

Laurdag 18. november var det koseleg førjulsstemning i Våge. Utanfor Våge Nærsenter hadde Tysnesfellen, Lynghaugane Møbelverkstad og Garden på Dalland salgsboder.

I lokala til Svingen Puls, ved sida av Ivyelli var det salg av eit rikt utvalg kunst- og husflids-produkt.

Mange nytta høvet til å sikra seg flotte kvalitetsprodukt frå lokale handtverkarar!
Kanskje er du ein av dei heldige som får ei lokalprodusert julegåve?

Foto: Rannveig Ljostveit Helland og Ina Kaldefoss