Takkar alle som bidrog

Publisert av: May Britt Meland
21/11/2021 08:59

“Med hjarte for eit gamalt kjøken” Dette var tilltel på prosjektet til Tysnes bygdekvinnelag då dei starta med å oppgradera kjøkenet i det gamle Tinghuset.

-No er heile kjøkenet pussa opp, og det er komen på plass ny kjøkenbenk og oppvaskmaskin, samt komfyr og kjøleskåp, fortel Bygdekvinnelaget.

Tysnes Bygdekvinnelag vil retta ein stor takk til alle som har sponsa med midlar.
-Utan dykkar bistand hadde me ikkje komme i mål!

Tysnes Kommune – kulturmidlar
Tysnes Kraftlag
Tysnes Sparebank
Sunnhordland Amatørkulturråd
Tiko

På kronerulling tidleg i vår, og på lotteriet no i oktober kom det inn til saman kr 69 000,- netto.

Tysnes Bygdekvinnelag derfor og retta ei stor takk til eigne medlemmer, lokalt næringsliv og andre som har kome med fine gevinstar.

 

Andersland Bygg
Annes Klær
Coop Extra
Garden på Dalland
Gøy på landet
Haaheim Gaard
Mandelhuset
Myrdal Gard
Tysnes Blomster og Interiør
Tysnes Sogelag
Venelaget for Jåttseglarane

 

-Og ikkje minst er me svært takksam for alle dykk som har kjøpt lodd og gitt oss bidrag på kronerullinga, avsluttar Bygdekvinnelaget